Kanotur på Vansjø

27. – 29. mai

Ein varm og vindfull laurdag tok fire ungdommar toget til Moss. For tre av oss var siste eksamen overstått og tanken på eit par dagar i kano gjorde oss alle lette til sinns. Vi la utpå i leigde kanoar og padla mellom tøffande båtar og nysgjerrige svanar. Etter nokre timar kom vi ut av Mosselva og fekk følelsen av at vi endeleg var ute på Vansjø. Så kort veg frå Ås, men det verka langt vekke då kveldssola spegla seg over den store sjøen.
18926163_10212995092614130_1681871651_o
Rundt solnedgong kom vi fram til ein liten holme, kor vi fyrte bål og laga ein god middag etter ei omstendeleg følgd handleliste. Gjennom heile kvelden var det ein lett bris, så myggen lot oss vere i fred og vi kunne nyte ein stille kveld, gode og mette.

18946981_10212995092654131_1873908925_o

Dagen etter vakna vi til regnvêr, ei vekkarklokke som skulle vise seg svært effektiv, då både frukost og pakking gjekk raskt føre seg. Då vi fyrst var kome oss av garde, titta sola fram. Ute på Vansjø hadde det verkeleg blåst opp, og den stillferdige turen blei plutseleg fylt med litt action då bølgene slo over ripa på kanoane. Men vi var med godt mot, og omsider kom vi over til rolegare sjø med vinden i ryggen medan vi padla langs  Gressøya. Då vi runda nordsida av denne måtte vi følgeleg opp mot vinden igjen, og skuldrane fekk sagt i frå at dei var trøytte av arbeidet og ville slå leir. Etter nokre timar la vi til ved ei fin strand på Gudøya. Her gløda bålet framleis etter tidlegare livsnytarar, så kaffien vart klar på rekordtid. Mat blei stelt i stand og vi fekk ein nydeleg, skyfri himmel å sjå på til sola gjekk ned. Der satt vi og nøyt sommarens velkomne anmarsj. Men tida blei ikkje berre brukt til å drive dank, ei kreativ sjel såg ei potensiell fuglekasse i ei trestubbe, og ein annan padla rundt for å prøve fiskelykka!

18948838_10212995092014115_2062892042_o

Måndag morgon var det fint vêr, og frukosten tok litt lengre tid. Vi hadde heile dagen på oss og tok livet med ro før vi omsider tok årene fatt. Vi padla tilbake same veg vi hadde komme, og vi hadde mange fredelege timar i steikande sol og song i kanoen. Fisk blei det òg ein del av i farta. Plutseleg fekk vi medvind, og vi slengte opp ein duk med åre som mast og segla nedover i kjempefart. Det varte ikkje så lenge, og omsider var vinden i mot oss igjen før vi kom inn i den tronge kanalen inn mot Moss igjen. Vel tilbake på toget sat vi fire, fornøgde med dagane på Vansjø.

18927130_10212995092694132_1994243836_o18869682_10212995090294072_654862587_o