22. – 25. September
Altfor tidleg ein torsdags morgon satt 11 sjeler frå Ås på eit av NSB sine regiontog mot Bergen. Vi skulle av midtvegs, nærmare bestemt Haugastøl. Turens endelege mål var Haukeliseter, men denne dagen konsentrerte vi oss om å nå den fyrste hytta, Halne. Her kom vi fram i skumringa og etter ein god middag trakk nokon opp ei praktfull kake frå sekken til dessert!
Morgonen etter starta følget utkvilde og klare for ei ny etappe. Eit tilsynelatande endelaust teppe av haustfargar opna seg og vi kunne vandre i timesvis utan å sjå anna enn vidde. Heilt til vi kom inn på ein grusveg og ein cowboy i bubil suste forbi. Mange uredde ryper møtte oss på stien. Omsider kom vi fram til Sandhaug turisthytte, midt på Hardangervidda. Om sommaren er dette ein hotspot for fiskarar og vandrarar. Ettersom den ubetjente hytta her var under reperasjon tok vi inn på hytta som eigentleg hadde stengt for sesongen, men som no husa fire hardtarbeidande snikkarar. Ei svært hyggjeleg overrasking venta oss her, det var nemleg fyr i peisen og hyttevakta serverte oss rykande fersk reinsdyrgryte og pils. Kvelden vart runda av med yoga og ruteplanlegging.
Laurdagen blei korta ned betrakteleg etter tips om snarvegar frå kjentmenn. Etter ein lang dag med trasking kom vi etter mørkets frambrot fram til Hellevassbu. Her var det allereie full guff med danskar, jegerar, familiar og vener og sjølvaste hyttevakta. Friluftsgruppa var ikkje snaue, vi rekvirerte kjøkkenet og ein heil sovesal. Etter eit kjapt måltid slokna heile gjengen til lyset vart skrudd på 0730 søndag morgon.
I tåke og yr satt vi med tørre støvlar av garde for den siste etappen, Hellevassbu- Haukeliseter. Etter eit par elvekryssingar sat vi opp tempoet for å nå ettermiddagsbussen 1540. Midnattsalternativet var heller ikkje så verst då det innebar tid til middag på Haukeliseter, men alle var gira på ein kveld heime. Bussen rakk me med god margin og vi kunne nyte nokre utsøkte bollar frå Bakeri Nansen tilbake mot Oslo. Ein triveleg bussjåfør gjorde også denne delen av turen svært fornøyeleg.
Takk for oss!
Tekst: Hogne P. Stubhaug
Foto: Simen Øverbø og Solveig Gilleberg
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.