Hardangervidda 4.-7. oktober

Vi smalt i gang turen med at alle klarte å rekke toget mot Bergen. Dermed var alle 15 i strålande humør og klare for Hardangervidda! Vi hoppa av på Ustaoset, og sov i ei hytte den første natta sidan det var meldt mykje vind. Kvelden brukte vi på å finne ut kva rute vi skulle ta for å unngå alt for mykje vind og snø den komande dagen. Vi enda opp med ei rute nord for Ustevatnet med Haugastøl som mål den første dagen.

1Middag, planlegging og god stemning.

2Gutta krutt er nøgde med at fargane gjenspeila personlegheita.

Fredag morgon kom, og etter ein solid havregraut-frukost forlèt vi hytta og sette kursen mot Haugastøl. Det var ein del vind, ein del elvekryssing og litt snø, men sola glimta til etter kvart og det vart ein nydeleg dag! Nokon valde å legge turen om Kvasshovd, ein liten topp med sine 1279 m.o.h. Utsikta var upåklageleg! Deretter var det straka vegen ned til Tjørngravtjørni, der vi slo opp telt og laga middag, før vi kraup ned i posane og varma oss. Bileta talar for seg sjølv!

3

4

6Lunsj er livet.

 

Laurdag morgon gjekk vi ned til Haugastøl før vi fortsette langs Rallarvegen mot Finse. Her hadde vi rikeleg med plass i til å gå i breidda, og dermed sat også røvarhistoriene laust. Laurdagens etappe endte opp ved Oksabotn vokterbolig, der vi slo opp telt.

7Campen på laurdagen.

 

Den komande natta endte opp med å bli rimelig spanande og utanom det vanlege. Etter at mørket hadde kome og folk låg og ante fred og ingen fare, kom det ein inntrengar inn i campen vår. Inntrengaren hadde raudt hår og ein smidig gange og var ute etter å lage trøbbel. Vi skvatt til då vi høyrde krafsing på sekkane våre som låg ute og Lars sprang av garde for å redde sekken sin frå reven sine skarpe tenner. Reven var «ein pest og ein plage», i følgje Lars, og hadde lyst på carbonaraen som låg i sekken. Inntrengaren forsvann nokre meter bort, men seinare på kvelden kunne vi høyre skjerande skrik frå naboteltet i det reven tok seg inn og forsvann av garde med ein sekk. Han klarte å få med seg mobilen til Silje i same slengen. Slu type.

9

8
Morgonen etter kunne vi finne alt strødd utover, og reven like i nærheita.

Søndag gjekk siste etappe til endestasjonen Finse. Dei fleste gjekk siste etappe langs Rallarvegen, medan nokre tok alternativ rute over fjellet. På Finse var det sol og god stemning medan vi venta på toget, og folk sat i solveggen eller tok seg ein tur på nærmaste topp. Nokre avslutta det heile med ein relativt kjapp dukkert i Finsevatnet til tross for minusgrader i lufta. Toget kom og vi la att store summar i Cafevogna, før kvardagen skulle begynne igjen på Ås.

5

Takk for turen!

 

Mari