Braksuksess med buldretur i Østmarka

Nye og gamle friluftsfolk hoppa på toget mot Holmlia ein varm fredag i starten av september. Destinasjonen var Østmarka, som med sin sentrumsnære buldring gjer det til ein attraktiv plass å reisa på tur. Vi kava oss gjennom tog, buss og bane før Helleruds nære villmark opna seg. I marka var det fullt av flott stein å ta på, og vi bevega oss gjennom Kamelen, Dromedaren, Gjenforeningen, Ghost Rider og andre ganske sære namn på buldre. Dei 12 deltakarane slo leir ved Lutvanns breidd og fyrte opp eit stort grovt bål. Her vart det diska opp med pølser, kebab, bønner og ris, og røvarhistoriar vart fortalt langt ut i de seine nattetimar. Mange innlosjerte seg så i hengekøye, medan andre satsa på telt eller tjukke crashpads som liggeunderlag. Då vi krøyp til køys opna himmelen seg, og vi som hadde satsa på hengekøye låg dønn i ro medan regnet plaska og kryssa fingre og tær på at værmeldinga stemde. Etter å ha vurdert å evakuera i fleire minutt gav regnet seg like raskt som det kom.

Kaffi, polarbrød og morgontrøtte tryner sat standaren for laurdagsmorgonen. Sola skein og frokostbålet spreidde ein god båleim over heile Østmarka. Like mange sære buldrar vart bestige denne dagen. T-skjorter røyk raskt etter kvart som sola steig på himmelen og buldreproblema vart hardare. Etter litt for mykje skitprat i sola spurta vi ned til næraste t-bane. Sveitte som grisar og med svære crashpaddar på ryggen som fekk oss til å sjå ut som forvokste skuleungar, labba vi inn på Oslo S. Her haldt folk god avstand til oss på toget heim til Ås, om dette var grunna COVID eller bålrøyk miksa med sveitte, er til denne dag uvisst.

Vi storkoste oss i skogen og ser fram til nye eventyr med kvite fingrar og tronge sko på beina.