26.-28. august var NMBU Friluftsliv på topptur i Jotunheimen. Måler for turen var Store Smørstabbtind, som med sine 2208 meter over havet gav oss ei fantastisk utsikt over Sognefjellet og Jotunheimen!
Utpå kvelden fredag kom 11 studentar fram til Krossbu, der sette vi opp telt og ordna oss god middag på stormkjøkken. (Vi som kom litt seint fekk både ferdig oppsatte telt og ferdig laga middag.) Det låg litt skyar og skodde rundt oss så endå såg vi ikkje kor vi skulle dagen etter.
Laurdag morgon vakna vi til sauer som gjekk rundt telta våre. Med skodda framleis liggande på toppane rundt oss var vi klare for å begynne turen opp dei 999 høgdemetra til toppen av Store Smørstabbtind.
Turen opp var lang, steinete og dårleg merka enkelte stader, men vi gjekk i eit nydeleg landskap. Med 3-400 høgdemeter igjen la skodda seg tjukt rundt oss og vi kunne ikkje sjå anna enn det som var rett framfor oss. Det var heilt magisk å komme opp på toppen, for der kunne vi sjå over skodda. Frå toppen kunne vi sjå utover skoddehavet framfor oss og sjå toppane rundt oss stikke opp frå alt det kvite🤩. På heile turen brukte vi ca 9 timar.
Trygt nede igjen var det ein del som tok seg eit bad i elva rett ved leirplassen vår. Nokon hadde ogdå bada i vatnet rett nedanfor isbreen vi gjekk forbi tidlegare på dagen. Kan melde om at dette var relativt iskaldt. Etter ein veldig god middag gjekk vi inn på Krossbu då sola gjekk ned. Der spela vi kortspel og varma oss før vi gjekk ut i kulda igjen for å finne telta våre.
Søndag morgon vakna vi til frost på teltduken. Etter å ha ete frukost pakka vi leir, der vi fekk hjelp av nokre nysgjerrige kyr. Nokon gjekk ein liten fjelltur før vi satte oss i bilen og begynte på den lange turen tilbake til Ås.
Takk for turen!
Skrevet av Sofie Hamre som arrangerte turen på vegne av NMBU Friluftsliv.
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.